IvarF

IvarF

81p

666 comments posted · 49 followers · following 1

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Hadde dårlig sam... · 0 replies · +1 points

Eg skriv 'grøn' energi i ' ' for å indikere at eg meiner det er ei tvilsam kategorisering. Fargekategoriane (grønt, svart, og muligens gult for kjernekraft?) kan vere nyttige, men og misvisande. Kjernekraft frå uran er ein viktig men endeleg ressurs, ikkje s.k. fornybar eller berekraftig. Skaderisiko på folk og (annan) natur er noko heilt anna. 'Miljøvennlig' er , liksom 'etisk', ofte brukt som ukvantifiserbar bransjesminke. Alt anna er 'miljøfiendtlig', hhv 'uetisk'.

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Nå er havvind-kj... · 0 replies · +1 points

built for TenneT by Dubai Drydocks World and is an EPC subcontract between Aibel AS and Drydocks World. The platform has been developed jointly by Aibel and ABB, main contractor for the Dolwin2 project. kjelde: http://www.tennet.eu/de/news-presse/article/start...

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Slik skal humpete veie... · 0 replies · +3 points

Tulletittel. Overskrifta her burde vere: 'Energitap i støtdemper kan reduseres - mest på humpete vei'. Ei bilfjør er ein korttids energibuffer. Ein (passiv) støtdempar absorberer energi. Ingen av delene 'produserer' nokosomhelst anna enn kjørekomfort.

Aktiv støtdemping (aktiv hivkompensator til sjøs!) kan eliminere resonansforsterkning, med lite energiforbruk.

Her er det imidlertid ikkje snakk om 'aktiv' demping, men om å redusere strømningsmotstand (varmetap). Ein 'lineærgenerator' ved kvart hjul kunne kanskje vere ein like god ide som oljestrøm gjennom roterande generator?

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Hadde dårlig sam... · 2 replies · 0 points

Eg tvilar ikkje på at Statnett transporterer 100 % av den 'grøne energien', også den som skal brukast til utvinning av 'svart energi' på sokkelen. (Kanskje ein høgare rate for transport til oljeplattformer?). Elkraft frå gasskraftverk får vel og plass i samkjøringsnettet. Og eg går ut frå at Statnett er forplikta til å ta hand om all energitransport over norskegrensa og Skagerak. Eg tillet meg å tvile på om Statnett kan forlange at atomkraftverk i Finnland og Sverige og varmekraftverk i Danmark er avslått før vi importerer elkraft i samkjøringa. Å påstå at kjernekraft og varmekraft ikkje er med i samkjøringssystemet virkar nokså meiningslaust. Som du seier: Ting heng saman, særleg i samkjøring. Elkrafta har ingen farge. Den er mykje eldre enn "Fornybarsektoren", og den vil overleve både oljealderen og klimakrisa.

Eg meiner det er feil å stimulere til større energiforbruk med subsidiering av ny utbygging no. Det gjeld olje og gass, såvel som vind- og vasskraft. Du har nok såpass kjennskap til energibransjen at du veit at vindkrafta kjem på toppen av det vi klarer å få ut av olje- og gassfelta.

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Hadde dårlig sam... · 4 replies · +3 points

Om Statnett skal plasserast i ein 'sektor' må det vere energitransportsektoren. Elkraft ser ingen forskjell på grøn og svart energi, og transportøren bryr seg lite med kven energien går til. Men kanskje vil Statnett nekte å transportere energi til olje- og gassutvinning? Kanskje det hjelper om dei nye mastene vert måla med (fornybart) grønt. (Skummelt å spøke med så alvorleg tema, transportaspektet delvis trigga av ei overskrift eg såg i dag på bordet i kaffekroken, trur det var i NTNUs verveblad: "Kortreist energi", artikkelen gjaldt solenergi)

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Hva kan tynes ut av et... · 0 replies · +2 points

Med overskrifta '18 volts .." er det forsåvidt greitt nok at Ah er brukt som kapasitetsmål i artikkelen, men det er Wattimar (VAh) som er mål for arbeidskapasitet (energi). Dei tre som er avbilda har 72, 90 og108 Wh. Eg har i ca12 år brukt ei Milwaukee med 36 Wh og slagfunksjon. Rikeleg nok til hobbybruk, men det å alltid ha eitt fullada i kofferten er viktig!

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - – Nå er de... · 0 replies · 0 points

'man' som tener store pengar, er i første og avgjerande, omgang ikkje 'Vi', men utbyggings-entreprenørane og leverandørindustrien. Så vil framtida og 'rammevilkåra' i andre omgang, avgjere kraftprisen og skjebna til investorane.

PS Eg ser no at Proton har same kommentar! +

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Statkraft var lovet 10... · 0 replies · +3 points

Eg håper dette begrensar Statkrafts mulighet til å kryssubsidiere vindkraftutbygging med overskot frå vasskraft.
Dei har kanskje funne ut at investeringane i Storbritannia er lite lukrative og usikre. Investeringane der (5 mrd på Sheringham Shoal? 10 mrd på Dudgeon? osv??) er finansierte av norsk vasskraft, direkte, eller indirekte ved kommersiell kreditt. Eg kan ikkje tenke meg at dette er finansiert direkte over statsbudsjettet. For meg ser det ut som om den noverande kreditten på 400 mill NOK + 2.3 Mrd Euro er lån til Statkraft AS frå Statkraft SF. Eg går ut frå at Statkraft SFs kapital er vasskraftgenerert.

Eg ser at "International hydropower' og "Wind power and Technologies" har eigne Visepresidentar, men eg veit ikkje i kor stor grad desse er sjølstendige økonomiske einingar. Er rekneskapen for desse divisjonane tilgjengeleg?

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - En norsk husholdning h... · 0 replies · +1 points

Utbygging av vindkraft bidrar ikkje til 'utfasing' av fossile energikjelder. Subsidiering av "Ny fornybar kraft(sol+vind)" resulterer først og fremst i større energiforbruk.

8 years ago @ Teknisk Ukeblad - Nytt kraftverk l&oslas... · 1 reply · +1 points

Du står på! Eg gir opp! Forskjellen mellom vektor og skalar er tydelegvis ikkje inne.